Nord-Makedonia
| Republikken Nord-Makedonia | |||
| Република Северна Македонија Republika e Maqedonisë së Veriut | |||
|
|
|||
| Adjektiv: nordmakedonsk | |||
| Motto | Ikkje noko | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonaldag | 2. august | ||
| Nasjonalsong | «Denes nad Makedonija ('I dag over Makedonia')» | ||
| Hovudstad | Skopje | ||
| Offisielle språk | makedonsk, albansk[a] | ||
| • Minoritetsspråk | arumensk, bosnisk, romanés, serbisk, tyrkisk | ||
| Flatevidd | 25 713 km² | ||
| • vatn | 1,9 % km² | ||
| Folketal | 1 836 713 (2021)[1] | ||
| Historie | |||
| • SR Makedonia | 2. august 1944 | ||
| • Sjølvstende frå Jugoslavia |
8. september 1991 | ||
| Styresett | Parlamentarisk republikk[2] | ||
| • President | Gordana Siljanovska-Davkova | ||
| • Statsminister | Hristijan Mickoski | ||
| BNP | 13 825 049 832 US-dollar (2021)[3] | ||
| HDI | 0,770 (2021)[4] | ||
| Gini | 33 (2018)[5] | ||
| Tidssone | UTC +1 | ||
| • Sommartid | UTC +2 | ||
| Valuta | Makedonsk denar | ||
| Telefonkode | +389 | ||
| ISO 3166-kode | MK | ||
| Toppnivådomene | .mk | ||
| Wikimedia Commons: North Macedonia | |||
Nord-Makedonia,[b] offisielt Republikken Nord-Makedonia,[c] er eit land på Balkan søraust i Europa som grensar til Serbia og Kosovo i nord, Hellas i sør, Albania i vest og Bulgaria i aust.[6][7]
Nord-Makedonia utgjer om lag 35,8 % av heile regionen Makedonia og 40,9 % av innbyggjartalet. Hovudstaden er Skopje med om lag 500 000 innbyggjarar. Av andre mindre byar finn ein Bitola, Kumanovo, Prilep, Tetovo, Ohrid, Veles, Sjtip, Kotsjani, Gostivar og Strumitsa. Landet har meir enn femti naturlege og kunstige innsjøar og seksten fjell høgare enn 2 000 meter over havet.
Landet er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet, i tillegg til La Francophonie, Verdshandelsorganisasjonen (WTO) og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa. Sidan desember 2005 har landet òg vore ein kandidat for EU og NATO.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Etter at Nord-Makedonia vart ein sjølvstendig stat, vart det ueinigheit om kva landet kunne få lov til å heite. Den makedonske namnekonflikten hende ettersom Hellas ikkje tillét landet hadde namnet «Makedonia» fordi Makedonia er også eit område nord i Hellas, og Hellas meinte at Makedonia er eit gresk namn. Som eit kompromiss vart republikken Makedonia i 1993 anerkjend av Dei sameinte nasjonane under namnet «the former Yugoslav Republic of Macedonia», FYROM (norsk: Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia) og (makedonsk: Πоранешна Југословенска Република Македонија, Poranesjna Jugoslovenska Republika Makedonija).[8]
I 2019 inngjekk Hellas og Nord-Makedonia eit kompromiss som innebar at Hellas anerkjente landet mot at det tok namnet «Nord-Makedonia». I februar 2019 endra landet namn frå «Republikken Makedonia» (Republika Makedonija) til «Republikken Nord-Makedonia» (Republika Severna Makedonija).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Nord-Makedonias geografi.


Nord-Makedonia er omgjeve av land og er geografisk klart definert av ein sentral dal der elva Vardar renn gjennom med fjellkjeder på kvar side av dalen.
Det meste av terrenget i republikken er kupert. I vest ligg fjellkjeda Šar Planinia, medan Osogovo ligg i aust. Dei tre store innsjøane Ohridsjøen, Prespasjøen og Dojransjøen ligg heilt sør i landet og grensa til Albania og Hellas går gjennom desse. Ohridsjøen vert rekna som ein av dei eldste innsjøane og biotopane i verda[9] Regionen er seismisk aktiv og har hatt særs kraftige jordskjelv gjennom tidene. Det siste store jordskjelvet i landet råka Skopje i 1963 og tok livet av over tusen innbyggjarar.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Nord-Makedonia har eit klima som er ganske likt Sentral-Europa med kalde vintrar og varme somrar. Sommaren er den våtaste tida på året, men har meir sol og er tørrare enn t.d. Albania i vest. Vinteren er òg tørrare, kaldare og meir skya enn Albania. Mykje av landet er fjellområde og høgareliggande område, som kan få ein god del snø. Skopje har ein nedbørsnormal på 508 mm i året.
| Interaktivt kart over Nord-Makedonia |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.stat.gov.mk/PrikaziSoopstenie_en.aspx?rbrtxt=146.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ Nissen, Gunnar. «Nordmakedonien» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 4. september 2026.
- ↑ . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ «Human Development Report». 2022.
- ↑ https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ «Nord-Makedonia» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «North Macedonia» (på engelsk). Britannica. Henta 4. september 2026.
- ↑ Nations, United, «Yugoslavia and Successor States: Bosnia and Herzegovina, Croatia, Montenegro, North Macedonia, Serbia, Slovenia», United Nations (på engelsk), henta 23. september 2022
- ↑ moe.gov.mk
