Hilding Köhler
Utsjånad
| Hilding Köhler | |||
| Fødd | 12. september 1888 Tranemo | ||
|---|---|---|---|
| Død | 2. april 1982 Uppsala | ||
| Nasjonalitet | Sverige | ||
| Yrke | meteorolog | ||
| Institusjonar | Uppsala universitet | ||
| Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Royal Meteorological Society | ||
Hilding Köhler (12. september 1888–1982) var ein svensk meteorolog og professor i meteorologi ved Universitetet i Uppsala frå 1936 til 1955.
Köhler arbeidde med mange felt innan meteorologien, men er mest kjend for arbeidet med turbulens i grenselaget og med kondensasjon av vassdamp i lufta. Mange av observasjonane sine utførte han då han var bestyrar av observatoriet på Haldde i Finnmark frå 1918 til 1926. Teorien hans om at saltinnhaldet påverkar storleiken til skydropar når det er i likevekt, framstilt i såkalla køhlerdiagram, er i dag rekna som eit av dei klassiske arbeida i meteorologien.
Han vart medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet i 1947.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Hilding_Köhler» i Store norske leksikon, snl.no.