Evenes flystasjon er ein operativ kampflybase for Luftforsvaret. Stasjonen har dei siste åra vore under stor utvikling og har i dag rundt 500 tilsette og 300 vernepliktige.
Evenes er heimebase for Noregs fem maritime patruljefly av typen P-8 Poseidon.
I tillegg til P-8 Poseidon har 133 luftving på Evenes ein eigen luftvernbataljon og ein baseforsvarsskvadron for å beskytte dei flyoperative avdelingane. Luftvernet blir sett opp med våpensystemet NASAMS, mens baseforsvarsskvadronen får avdelingar innan aktivt og passivt forsvar, ein stor hundeavdeling, sanitet, eksplosivryddarar og ein maskin- og konstruksjonstropp.
Forsvaret løyser QRA-oppdraget frå Evenes. Det inneber at to F-35 kampfly er i lufta innan 15 minutt om ukjende fly kjem i nærleiken av norsk luftrom. Flya skal finne, identifisere og dokumentere dei ukjende flya, og eventuelt hindre at dei tar seg ulovleg inn norsk luftrom.
I tillegg har Evenes moderne fasilitetar for vedlikehald, idrett og andre støttefunksjonar. Forsvarets logistikkorganisasjon Forsyning og Cyberforsvaret har også ei avdeling på Evenes.
Sjå Forsvarsbygg for meir informasjon om utviklinga av Evenes flystasjon.